Eit framtidig berekraftig og konkurransedyktig landbruk må tuftast på eit oppdatert rådgjevingsapparat, forskningsbasert kunnskap og gode kanalar for kunnskapformidling til bønder, forvalting og relevant næringsliv
Tysdag 14. oktober er dagen for årets Særheimdag. Dette er eit samarbeidsarrangement mellom alle aktørane i Rogaland Landbrukspark. Dagen vil innehalda parallelle innlegg frå kl.09.50 - 15.00 på Genoloftet, Veksthusloftet og i det nye møterommet hjå Klepp Rekneskapslag. Blant anna kjem Ole Christen Hallesby og snakkar om: "Veivalg og muligheter sett i lys av ny landbrukspolitikk". Der vert omvising i veksthusa på Særheim, og markvandring. Matteltet skal også vera på plass.
Heile programmet, time for time, og meir info finn du her: http://rogaland.lr.no/media/ring/1219/Endeleg%20plakat%20Saerheimdagen.pdf
Sett av dagen
På Særheim vert det jobba med eit porsjekt med tema: «Lokal overvatn håndtering». I prosjektet skal det utviklast konstruksjon og dimensjonering for ein blå-grøn infrastruktur som blant anna består av grøne tak, regnbed og opne flomkorridorar som ledar vatnet utanom bygningar og anna infrastruktur som kan skadast. Byar og tettstad er sårbare for ekstremvêr med mykje nedbør. Avløpsnettet er sjeldan dimensjonert for å ta unna så store avrenninger som me kan forventa i framtida. Det vil derfor ha mykje for seg å etablere grøne tak for å absorbere regnet, og la det renne ned i avløpssystemet over lengre tid.
Noko av arbeidet i prosjektet går ut på å koma fram til den beste vegetasjonen og vekstmedia tilpassa dei store nedbørsmengdene me har her på Vestlandet.
Nå er endeleg dei grøne taka ferdige, og tekne i bruk her på Særheim. Geir Tore Tengesdal og Isak Drozdik er strålande nøgde med prosjektet og arbeidet som er gjort så langt.
Lørdag 20 september stod Annette Anda, Arne Sæbø og Michel Verheul frå Bioforsk på forskertorget i Stavanger, og demonstrerte virkninga av dei grøne taka på små demonstrasjonstak. Det var stor interesse for dette blant besøkande av standen.
Fredag 5.september var bedriftene i Rogaland landbrukspark samla til månadleg felleslunsj. Denne gongen var det Øksnevad Vidaregåande skule som var vert.
Dei siste åra har det skjedd store endringar på "bruket" på Øsnevad. Nå står det ferdig ein ny, flott og moderne skule som kan tilby studieretningar innan naturbruk og anleggsfag, anleggsgartnar, driftsoperatør idrettsanlegg, hest og hovslagar, og landbruk og gartneri. I tillegg tilbyr skolen alle elevar eit tredje år, for å oppnå generell studiekompetanse. Øksnevad vgs har også spesialklasse for elevar som treng arbeidstrening eller ekstra oppfylging av ulike grunnar.
Assisterande rektor Anne Kathrine Edland informerte oss om skulen i det nye auditoriet. Deretter fekk me omvisning på bruket av driftsleiar Kristian Malde både av stallar, fjos, ridehall, maskinhall m.m. Det var eit flott anlegg som både lærarar og elevar kan vera stolte av!
Her er link til ein flott film to ansatte ved Øksnevad Vgs har laga om skulen: http://youtu.be/SeWcA26lHzE
Torsdag 11 september vart Særheimmesterskapet i hesteskokast 2015 arrangert. Ansatte på Særheim hadde full innsats for å vinne vandrepokalen til eiga bedrift. Det var nydeleg vêr, og stor konkurranseånd. NLR Rogaland gjekk til slutt av med seieren mot finalist og fjorårsvinnar HLB.
Me gratulerar NLR med ein velfortjent seier
Nyleg var Rogaland Landbrukspark, NCE Culinology, Rogaland Bondelag, Samarbeidsrådet i Rogaland og Trøndelag og Oi!Trøndersk mat og drikke, samla i Måltidets hus for å diskutere moglegheita for eit tettare og meir forpliktande samarbeid mellom desse to landbruksfylka.
Oi!Trøndersk Mat og Drikke AS er eit aksjeselskap som jobbar for å videreutvikle Trøndelag som eit av landets mest spanande matregionar, slik at det gjer meirsmak og meirverdi lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Det vart ein innhaldsrik dag, med mange spanande forslag til vidare samarbeid. Då dagen var omme var det alt sett fleire konkrete punkt på blokka som me skal ta tak i i tida som kjem.