Eit framtidig berekraftig og konkurransedyktig landbruk må tuftast på eit oppdatert rådgjevingsapparat, forskningsbasert kunnskap og gode kanalar for kunnskapformidling til bønder, forvalting og relevant næringsliv
Då er Klepp Rekneskapslag godt i gang med utviding av kontorbygget. Påbygga bestå av:
- 8 kontor, eit møterom og arkiv.
- Utviding av dagens pause-/møterom.
I løp av hausten vil dei fire medarbeidarane som nå sit i brakkekontora få flytta inn i nye kontor.
Det har den siste tida vore full aktivitet her på Særheim for å få på plass grøne tak. Stavanger kommune i samarbeid med ExxonMobile Norge, Bergen kommune, Sandnes kommune, Sola kommune og Randaberg kommune, og med støtte frå RFF Vestlandet vert prosjektet leda av forskingsleiar ved Bioforsk Vest Særheim Arne Sæbø. Tema for prosjektet er «Lokal overvannshåndtering». Arbeidet går ut på å koma fram til beste vegetasjon og vekstmedier tilpassa dei store nedbørsmengdene me har her på Vestlandet, samt utforming av regnbed.
Byar og tettstader er sårbare for ekstremver med mykje nedbør. Avløpsnettet er sjeldan dimensjonert for å ta unna så store avrenninger som me kan forventa i framtida, seiar forskingsleiar Arne Sæbø. Mange europeiske byar har satsa mykje på grøne tak og regnbed. Norge har ikkje mykje kunnskap på dette feltet ennå, sjølv om her er meir nedbør enn i mange andre land. Men dette vil koma seg, meiner Sæbø.
I dag hadde me besøk av salssjef i Kronengruppen, Stein Waage, og Direktør på Jæren Hotell, Torbjørn Løfaldli, for å presentere Rogaland landbrukspark.
Det er viktig å skape relasjonar og byggja nettverk i miljøet rundt oss. Dei besøkande vart imponert over informasjonen og inntrykka dei fekk her på Særheim i dag. Jæren hotell har eit av regionens mest kjente kjøkken, med slagordet «Det Jærske kjøkken». Det slo derfor godt ann då næringsutviklar Åge Jørgensen i Bioforsk, og Førsteamanuensis på Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling Rhys Evans, serverte bringebærskot marinert i sitron, under omvisinga i veksthuset. Dette resulterte i at direktøren tok med seg ein stor bukett bringebærskot tilbake til hotellet for eksperimentering på «Det Jærske kjøkken». Dei var tydeleg opne og interesserte i nyskapande og kreative samarbeidsprosjekt i tida framover.
Ja! De er bare ett av mange ferske matvarer du kan spise tidlig om våren. I Canada ville indianere plukket de tidlige skudd av ville bær, skrelle dem og spise dem som den første friske grønne maten om våren, forteller Rhys Evens ved HLB. Fredag 9 mai fikk vi smake ferske, nyskrellet bringebærskudd under fredagslunsjen. En ny og smakfull måte å nytte bringebærplanten på.
For å lære mer om dette, og finne gode oppskrifter, kan du se Rhys Evans matblogg på
http://www.eatingwellisthebestrevenge.com/first-food-wild-food-in-the-spring.html
Under fredagslunsjen på Særheim 9.mai, hadde Annichen Smith Eriksen frå NLR-veksthus eit interessant innlegg kring endring og utvikling av biologisk bekjemping av skadedyr i veksthus dei siste 30 åra.