Ledig stilling som bygningsrådgivar

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland er ein medlemsorganisasjon med omlag 1650 medlemmer og 13 tilsette. Vi har eige kontorlokale knytt opp til fagmiljøet i Rogaland Landbrukspark på Særheim i Klepp. Vi arbeider i eit aktivt og krevjande landbruksmiljø med forsøks- og utviklingsarbeid, rådgiving og kunnskapsformidling innan jord- og plantefag, husdyrfag, miljø og kulturlandskap, økologisk landbruk og byggeplanlegging.

Vi søker etter

Bygningsrådgivar

Bygningsrådgivaren har eit tett, fagleg samarbeid med tilsvarande rådgivarar i andre delar av landet. Rette person vil kunna vera med og utforma og utvikla stillinga i eit fagleg og spennande landbruksmiljø. 

Søknadsfrist: 20. juni 2014

 

Vi søkjer etter ein medarbeidar med:

  • Gode kunnskapar innan bygningsplanlegging, kontroll og kvalitetssikring
  • Gode kommunikasjonsevne, evne til sjølvstendig arbeid og samarbeidsevne
  • Fortrinnsvis fagutdanning innan byggfag, eller anna relevant utdanning
  • Gode datakunnskapar

I tillegg er det ønskeleg med kjennskap til og interesse for husdyrhald og kompetanse innan byggjeleiing.

Arbeidsoppgåver vil vera:

  • Prosjektering av driftsbygningar i landbruket/bygningar tilknytt næringa på oppdrag frå bønder
  • Utvikla rådgivingstilbodet innan planlegging av landbruksbygg

Vi kan tilby:

  • Variert og utfordrande arbeid i eit fagleg aktivt miljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Kontorstad på Særheim i Klepp
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

For fleire opplysningar om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Helga Hellesø, tlf. 932 67 203. Kortfatta søknad med CV kan sendast Norsk Landbruksrådgiving Rogaland, Postvegen 211, 4353 Klepp st. eller på e-post;Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

Mai 2018
M T O T F L S
week 18 1 2 3 4 5 6
week 19 7 8 9 10 11 12 13
week 20 14 15 16 17 18 19 20
week 21 21 22 23 24 25 26 27
week 22 28 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev