Røynsle med raigras og isåing i 2013

raigras

 

Det har vore mange gode tilbakemeldingar på isåing i eng og bruk av eitt- og toårig raigras i 2013. Tidleg såing i glissen eng er med og sikrar eit godt resultat. Frå fagmøtet 26. november 2013 har vi samla ulike røynsle om grasavlingar og isåing.

 

 

 

Les meir på rogaland.lr.no.

Isåing i eng

  • Bør gjerast tidleg om våren under tørre forhold. Det bør komma fuktighet etterpå.

  • Bruk storfrøa grasfrø som fleirårig raigras, eitt eller to-årig raigras.

  • Isåing med eks. 2 kg fleirårig raigras i ei open 1. eller 2. års eng har stort sett fungert bra.

  • Det betyr mindre kva maskintype som vert brukt, men grasfrøet må komma i kontakt med laus jord.

  • Det nytter ikkje å så inn i gammal eng med tett grasbotn av tunrapp og kveke.

  • Under slike forhold bør ein pløya eller brakka om hausten og føreta ei enkel harving, horrisontalfres eller liknande før såing.

  • På areal med opne flekkar var det var positive erfaringar med å direkteså etter slåttane i sommar.

  • Dersom det er vanskelege overvintringsforhold, bør ein i større grad vurdera pløying.

Bruk  av eitt- og toårig raigras

  • Eitt og to-årig raigras har større avlingspotensiale enn fleirårig raigras i såingsåret.

  • God erfaring med pløying, harving og isåing med eks. 2 kg to-årig raigras og 2 kg eittårig raigras (sum 4 kg/daa). Har gitt stor avling godt eigna til fortørking og balling samt bra fôrkvalitet.

  • Eitt- og toårig raigras er aktuelt i åra som kjem. Blandingsforhold må vurderast i kvart tilfelle.

  • Eittårig raigras gir størst avling tidleg i sesongen medan to-årig raigras gir mest på slutten av vekstsesongen. Elles er totalavlinga om lag lik.

  • Eitt- og toårig raigras er utsett for sviskade av blautgjødsel.

  • Husdyrgjødsla bør nedmoldast før såing. Vil ein nytta blautgjødsel gjennom vekstsesongen, må ein bruka tynn vassblanda blautgjødsel 1-2 tonn/daa, dagen etter slått, overskya ver og lett spreieutstyr

  • Dersom toårig raigras overvintrar, bør arealet helst pløyast og eventuelt såast oppatt med lik blanding som året før.

    Kveke

  • Toårig raigras vil som oftast ha betre effekt for uttynning av kveke i høve til reint eittårig raigras.

  • To år med stort innslag av toårig raigras vil ha positiv effekt på uttynning av kveka.

Raigras – fleirårig, eitt- og toårig

Fleirårig raigras (Lolium perenne)

Fleirårig raigras vert også kalla engelsk raigras, og er eit av dei viktigaste grasslag i store deler av Europa. Raigras kan gi store avlingar og eit fôr med god kvalitet, og den tåler ofte slått og beiting. Ei stor ulempe med raigras er at den er lite vintersterk. Det har mange erfart dei siste åra. Engelsk raigras trivest best på næringsrik jord med jamn tilgang på vatn. Eng med stort innslag av raigras har lågt tørrstoffinnhald og kan med fordel fortørkast før ensilering.

I eng på bladstadiet skil raigraset seg ut med mørkegrøne og sterkt glinsande blad, noko som kan forvekslast med engsvingel. Raigras skil seg likevel frå engsvingel ved at blada på raigras er bretta i skotet. Blada til engsvingel er rulla som eit sigarettpapir i skotet. Etter skyting er raigras lett å kjenna på blomsterstand, men kan då forvekslast med kveke.

Eitt- og toårig raigras (Lolium multiflorum)

Eitt- og toårig raigras er same art som fleirårig, men har ulik vekstutvikling og blada er rulla i skotet i staden for bretta. Både eitt- og toårig er i utgangspunktet anbefalte som eittårig grønfôrvekst som gir stor avling.

Toårig raigras vert kalla italiensk raigras. Han er vintereittårig, men overvintrar kun enkelte år i dei beste områda. I såingsåret utviklar italiensk raigras mest blad og få frøberande skot. Det gjer at kvaliteten held seg over tid og passar derfor godt ved nullbeiting der ein haustar over lang tid. Lite skyting gir lite struktur og eit lågt tørrstoffinnhald utan fortørking. Dersom italiensk raigras overvintrar vil alle skot raskt gå i skyting. Tilveksten etter såing om våren er moderat, men gjenveksten utover hausten er svært god og kan i tillegg til slått gi eit godt haustbeite.

Eitårig raigras vert og kalla Westerwoldsk raigras. Westerwoldsk raigras utviklar seg raskt etter såing og gir stor avling alt tidleg på sommaren. Veksten utover hausten er mindre enn hjå italiensk raigras, men totalavlinga er om lag lik for dei to. Westerwoldsk raigras skyt kraftig i såingsåret og fôrkvaliteten går raskt ned ved utsett hausting.

Kryssingar

Raigras er i nær slekt med svingel, og raigras kan danne hybridar med svingelarter. Kryssingar av raigras og svingel har gitt oss ein ny grasart til fôr, raisvingel. Håpet er å kombinera raigraset sine gode eigenskapar når det gjeld avling, kvalitet og toleranse for intensiv drift med svingel sin vinterherdighet. Hykor er eit eksempel på ei kryssing mellom strandsvingel og italiensk raigras.

Klipt frå Haugaland Landbruksrådgjeving.

 

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

November 2018
M T O T F L S
week 44 1 2 3 4
week 45 5 6 7 8 9 10 11
week 46 12 13 14 15 16 17 18
week 47 19 20 21 22 23 24 25
week 48 26 27 28 29 30

Abonner på Nyhetsbrev