ARONIAJUICE HALVERTE ANTIBIOTIKABRUK.

Aroniabær

I eit forskingsprosjekt kring samanhengen mellom bruk av aroniajuice og tilfelle av urinvegsinfeksjon på sjukeheimar i Sandnes, kan det sjå ut som aronia kan ha eit førebyggjande potensial mot urinvegsinfeksjon. Tine var ein av fleire samarbeidspartnarar då prosjekteigar Bioforsk Vest sette i gang eit forsøk der 236 bebuarar ved seks sjukeheimar i Sandnes drakk juice frå Aroniabær i tre månadar. Dette førte til at bruken av antibiotika mot urinvegsinfeksjon vart halvert. Dr.scient og prosjektleiar Rune Slimestad ved Bioforsk Vest meiner dette er eit «veldig, veldig spanande funn». Han presiserar også at det endå er ein god del usikkerheit og forbehold som gjer at det er behov for eit oppfylgjande medisinsk dybdestudium.  

Aroniabær er eigentleg ganske næringsfattige, men dei er desto meir proppa med plantefenoler (polyfenoler). Dette er ei gruppe sterke antioksidantar. Enkelte av desse antioksidantane kan bidra til å hemme slimdannelse (biofilm) som bakteriar kan feste seg i på innsida av urinrøyret.

Effekten av juiceinntaka i pilotstudien i Sandnes viste seg fyrst i vekene etter at sjukeheimsbebuarane hadde slutta å drikka juicen. Dette viser at det er ein forsinkelseseffekt som tydar på at stoffet vert verande i kroppen og teke opp etter kvart.

Avdelingsoverlege Nils Grude ved Sjukehuset i Vestfold er svært oppglødd og klar for vidare forsking og meir medisinsk, kontrollert opplegg etter dette prosjektet. Urinvegsinfeksjonar utgjer halvparten av alle infeksjonar på norske sjukeheimar, og er også ein av dei vanlegaste infeksjonstypane i befolkninga generelt. Bruk av antibiotika førar stadig til fleire resistente bakteriar, noko som i aukande grad gjer antibiotikabehandling vanskeleg. Helsemyndighetene er derfor svært interessert i førebyggjande tiltak som kan redusera bruken av antibiotika. Avdelingsoverlege Nils Grude seiar til Stavanger Aftenblad 15.02.14: «Jeg tror at aronia kan ha et forebyggende potensial mot urinveisinfeksjoner, og dermed være helsepolitisk relevant. Det kan være sensasjonelt viss noe så enkelt som dette kan bidra til å redusere antibiotikabruk. Det er veldig stort behov for å få til noe på dette feltet.»

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

August 2018
M T O T F L S
week 31 1 2 3 4 5
week 32 6 7 8 9 10 11 12
week 33 13 14 15 16 17 18 19
week 34 20 21 22 23 24 25 26
week 35 27 28 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev