Grøne tak og regnbed på Særheim

grøne tak

Bioforsk Vest og Exxon Mobil har i samarbeid med Stavanger kommune sett i gang eit prosjekt om bruk av grøne tak og regnbed for å halda tilbake, fordrøye og infiltrere nedbørsvatnet slik at avrenning vert spredt over lengre tid enn dersom regnet skulle gå direkte til avløp. Ved store mengder nedbør er ikkje kapasiteten på avløpa god nok, og overflatevatnet fløymer lett over. I Europa er det stadig oftare flaum pga dårlege avrenningsmoglegheiter for overflatevatnet. Grøne tak, grøne vegger og bruk av grøntarealer for større infiltrasjon og fordrøyning av nedbørsvatn, er tema som har hatt stort fokus i Europa, USA og etter kvart også i Noreg. Men utviklinga i Noreg har til nå i alt for stor grad vore knyta til kunnskap frå andre land der klimatiske forhold er ulike våre forhold. Noreg har stadig høgare nedbørsmengde. Nedbørsmengda i Noreg er minst dobbelt så høg som nedbørsmengda i både Sveige og Tyskland som er land kor forsking på området har skjedd på dette feltet. Det er derfor behov for tilpassingar av oppbygging av grøne tak og regnbed og berekningar av effektiviteten slik at planlegging og forventning til verknaden av tiltaka kan justerast. Dette prosjektet vil sjå spesielt på behovet for tilpassing av Grøne tak og regnbed til norske forhold.

Grøne tak skal fungera som midlertidig lagring av nedbørsvatnet, slik at avrenning vert samla opp, og kan renne av lokalt over lengre tid i staden for at regnet skal gå raskt og direkte til avløp. På den måten kan ein unngå flaumtoppar og skader frå desse. Grøne tak kan og lagast som fine grøntarealer som også vil heve kvaliteten i områder med bustadar. Internasjonalt regner ein også med at grøne tak bidreg til luftrensing. På Særheim skal det byggjast ti grøne tak. Her skal det testast ulike vekstmedie og ulike typar vegetasjon innan kvart vekstmedium. Kvar type vegetasjon skal kunne målast for avrenning.

Eit regnbed er ein forseinking i terrenget der det er tilrettelagt for rask infiltrasjon av nedbørsvatn. Overflata til regnbed skal vera kledd med spanande vegetasjon som er tilpassa våt jord. Dette er også eit tiltak som skal redusere mengda vatn til avløpssystemet. Dersom tiltak som dette klarer å redusere total mengde vatn til avløpssystema, eller redusere toppane i avrenninga, kan ein unngå flomtoppar og skade på eigedom og infrastruktur. Regnbed skal også utformast som dammar og estetisk flott element i hagar og nærmiljø. På Særheim skal det etablerast tre regnbed til forsøk, med ulik design og vegetasjon. Her skal testast korleis vegetasjon responderer under ulike forhold og få kunnskap om plantens følsomhet for ulike stressfaktorar som saltnivå, veksling mellom tørr og blaut jord og liknande.

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

Mai 2018
M T O T F L S
week 18 1 2 3 4 5 6
week 19 7 8 9 10 11 12 13
week 20 14 15 16 17 18 19 20
week 21 21 22 23 24 25 26 27
week 22 28 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev