Nå er svarthalespoven komen.

svarthalespoven

Svarthalespoven er ein stor vadefugl på ca 40 centimeter. Av 600 000 – 800 000 fuglar i verda finn me mellom 40 og 100 av desse i Noreg. Fugelen hekkar i intensivt driven eng. Dei svarthalespovane me finn i Noreg held seg i området rundt Orrevatnet. Dagens vern har derfor gjort fuglen upopulær blant bøndene rundt Orrevatnet.

I fjor sommer drog HLB, i samarbeid med 29 bønder rundt Orrevatnet, i gang eit dialogprosjekt om svarthalespoven. Filosofien bak dette iniativet var at for å kunna få til eit vellukka vern om denne fuglen, må ein ta utgangspunkt i lokal kunnskap og bøndene sine røynsler. Vern som vert tredd ned over hovudet på bøndene, slik det har vorte gjort til nå, vil berre møte motstand og skapa konfliktar. Målet med prosjektet er å finna enkle og gode løysingar som tek vare på fuglen, og som lar seg kombinera med effektiv gardsdrift, og som nødvendigvis ikkje krev så mykje arbeid.

På kort sikt er målet å finna fram til måtar å verna svarthalespoven på, som bøndene sjølv følar eigarskap til. På lengre sikt handlar prosjektet om å snu styresmaktene sin måte å tenkja vern på.

For eit par veker sidan møttest HLB, ordførar i Klepp kommune, fylkesmannen, landbruksdirektøren og viltforvaltaren som har hatt mest med svarthalespoven å gjera, for å diskutere saka. Resultatet vart at HLB, i tett samarbeid med dei 29 orrebøndene, får prøva ut nye ordningar rundt vernet av fuglen.

9 april 2014 var det nytt møte med HLB, Kleppordførar Ane Mari Braut Nese og bøndene rundt Orrevatnet. Bøndene har tidlegare følt seg mistenkeleggjort frå miljøvernavdelinga hjå fylkesmannen. Nå har dei stort engasjement, og ynskjer å vise at dei er ansvarsfulle forvaltarar av svarthalespoven når vernet ikkje gir eit inntrykk av ei ovanfrå og ned haldning. I lag vil bøndene i prosjektet koma fram til måtar å driva jorda si på, som både er lønsam og bra for fugelen.

Prosjektet har også skapt interesse blant andre som jobbar med å utarbeide fuglevenlege slåttepraksisar for andre fugleartar. Dette har resultert i at det i mai vil verta arrangerast eit stormøte som også er ope for andre bønder og fugleinteresserte ut over svarthalespove-problematikken.

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

Februar 2018
M T O T F L S
week 5 1 2 3 4
week 6 5 6 7 8 9 10 11
week 7 12 13 14 15 16 17 18
week 8 19 20 21 22 23 24 25
week 9 26 27 28

Abonner på Nyhetsbrev