Ny medarbeidar på Særheim.

Sjur HalandJournalist Sjur Håland skal begynne som frilanser med base på Særheim.

Sjur var bonde på heimagarden på Varhaug i 20 år. For 12 år sidan søkte han seg inn på studiet handlingskompetanse på Høgskulen på Jæren. (Nå Høgskulen for landbruk og bygdenæringar, HLB) Som høgskulestudent oppdaga Sjur at han likte å skriva, og at folk var interessert i å lesa det han skreiv. Dette gjorde at han ville prøva seg som journalist. Dei siste 10 åra har han jobba som journalist i bondevennen.

Eg spurte kva tankar og assosiasjonar Sjur har om Rogaland Landbrukspark. Då svara han raskt at RLP er eit sentralt kompetansemiljø for landbruket i Rogaland, og ligg midt i smørauga. Mange viktige aktørar er lokalisert her.

Sjur sa: "Det er topp å få koma å sitja her på Særheim der dei eg skal skriva om og for er rett rundt meg.

Me i Rogaland Landbrukspark syns også at det er heilt topp å få Sjur til Særheim, og ynskjer han hjarteleg velkommen.

 

 

 

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

August 2018
M T O T F L S
week 31 1 2 3 4 5
week 32 6 7 8 9 10 11 12
week 33 13 14 15 16 17 18 19
week 34 20 21 22 23 24 25 26
week 35 27 28 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev