Søknad om eit Arena-prosjekt for landbruket i Rogaland er nå sendt inn.

tommel opp

Det siste året har Rogaland Landbrukspark jobba med ein søknad for å få til eit Arenaprosjekt for Landbruket i Rogaland. Fylkesmannen i Rogaland viste tidleg interesse for dette initiativet, og innovasjon Norge har bidrege med finansiell støtte til for-prosjektet som starta våren 2013.

Det var 21 partnarar som stilte seg bak den endelege søknaden som vart sendt inn 30.april. Det er ikkje sikkert at søknaden vert innvilga i denne omgang, men prosessen fram til søknaden har uansett hatt ein nytteverdi. Produsentar, bedrifter og kunnskapsmiljø i landbruksnæringa i Rogaland har gjennom godt samarbeid og god dialog kome fram til felles utfordringar og felles mål som landbruksnæringa står overfor, og som det er eit ynskje om å ta tak i i fellesskap.

Eit Arena-prosjekt er eit klyngeprosjekt som skal stimulere til auka innovasjon i næringslivet gjennom samarbeid mellom næringsaktørar, FoU- og kunnskapsaktørar og det offentlege. Programmet henvender seg til regionale næringsmiljø der det er konsentrasjon av bedrifter innanfor ein bransje, ei verdikjede eller eit kompetanseområde og relevante kompetansemiljø. Hovudmålet med vårt Arena-prosjekt er å utløyse og forsterka samarbeidsbaserte utviklingsaktivitetar i landbruksklynga i Rogaland. Dette skal bidra til at klynga i fellesskap skal nå ambisjonen om ”meir mat frå matfylket – på ein bærekraftig måte”. Rogaland skal vera landet sitt fremste landbruksfylke.

Som ledd i forprosjektet arrangerte me i oktober ein dialog-konferanse «Meir mat frå matfylket – på ein bærekraftig måte», der alle dei sentrale aktørane i Rogalandslandbruket vart invitert. Det møtte totalt 40 personar. I etterkant har me hatt oppfølgings-møter og samtalar med nærings- og foredlingsbedrifter, primærprodusentar, rådgjevingsaktørar, FoU-aktørar, finans institusjonar og andre aktuelle samarbeidspartnarar.

Ved innsendt søknad er det 21 partnarar som stiller seg bak søknaden, og som vil vera med å jobbe i fellesskap med prosjekt knyta til temaområda:

  1. Verdikjeda for råstoff til matproduksjonen.
  2. Berekraftig landbruk.
  3. Landbruk og samfunn.

 

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

August 2018
M T O T F L S
week 31 1 2 3 4 5
week 32 6 7 8 9 10 11 12
week 33 13 14 15 16 17 18 19
week 34 20 21 22 23 24 25 26
week 35 27 28 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev