30 år med biologisk bekjempelse i norske veksthus

nyttedyr

Under fredagslunsjen på Særheim 9.mai, hadde Annichen Smith Eriksen frå NLR-veksthus eit interessant innlegg kring endring og utvikling av biologisk bekjemping av skadedyr i veksthus dei siste 30 åra.

 

Nokre av dei viktigaste hovudtrekka som kom fram var:

I veksthusproduksjonar er der både skadedyr og nyttedyr, og biologisk bekjempelse i veksthus har endra seg mykje dei siste 30 åra. Det har også plantekulturane. For 30 år sidan var det mange som dyrka roser i veksthus, nå er det knapt att norskproduserte roser, men lysagurk og tomat i veksthus har auka betrakteleg.

 

30 år med nyttedyr

Fram til 31/12-2000 var det «Fritt fram for salg av nyttedyr». Men frå 1/1-2001 måtte nyttedyra godkjennast for bruk i Norge. Dette for å sikre HMS rundt biologisk forureining. Dette gjorde at det ikkje lenger var lov å bruke nyttedyr som f.eks.

Gulløye, rovmidd, snylteveps mot bladlus og marihøne. Det ligger nå inne søknad om igjen å få ta i bruk Gulløye.

Bekjemping av bladlus:

Før 2001 vart Gulløye, snylteveps mot bladlus og marihøne nytta mot diverse bladlusartar f.eks. i krydderurter. Før 2007 vart nyttesoppen Vertalec mykje brukt mot bladlus i formeringa. I dag vert auka bruk av tege nytta mot bladlus med gode resultat, særleg i krydderurter.

Bekjemping av Mellus:

På 1990-talet vart ofte forebyggjande utsett av rovtege nytta mot mellus i tomat. Fram til 2007 vart etter kvart nyttesoppen Mycotal meir brukt mot mellus i formeiring, særleg i julestjerne. Frå 2000 vart det auka sprøyting med Vertimec mot amerikansk blomstertrips, noko som også førte til at det vart lite mellus i snittrosene. Frå 2000 har det også vorte nytta auka dose av nyttedyr mot mellus i lystomat.

Bekjemping av Spinnmidd.

Før 2001vart rovmidd nytta som forebyggende mot spinnmidd i snittroser (og i agurk). Alt frå 1990-tallet er utsett av rovtege nytta som forbyggjande mot spinnmidd i tomat.

Amerikansk blomster trips

På 1990-tallet var amerikansk blomster trips en karanteneskadegjører. 9/4-2001 vart Conserve godkjent på dispensasjon. Dette hadde god effekt . Men på 2000 – tallet vart effekten dårlegare, Conserve var «brukt opp». Dette førte til auka bruk av Vertimec.

Trips

Her har det skjedd store endringer i bekjemping dei siste 30 åra. Før begynte ein med å setja ut Tripsrovmidd, og sprøyta med kjemi ved auka angrep. I dag vert dette gjort i motsatt rekkefølgje, ein sprøyter med kjemi ved potting. Deretter «bles» ein ut Tripsrovmidd ca kvar 14.dag. Dette har gitt veldig gode resultat.

Sommerfugllarver

Snylteveps var i salg fram til 2001, men lite brukt. Fra 1990-tallet har det vore mindre angrep p.g.a bruk av rovtege mot spinnmidd og mellus i tomat.

Diverse andre tiltak

-       Ulike – olje og såpepreparater: eks. Agri-50, carbonkick booster, bioglans, erradicoat,

-       2010 – tallet: sukker (Attracker) for økt effekt mot trips.

-       2010 – tallet: limfeller med LED lys.

Spådommer om framtiden

Det vil truleg varta stadig færre godkjente kjemiske plantevernmidl. Dette vil føra til at det vert endå viktigare å auka bruk av nyttedyr. For at dette skal verta vellykka vil det verta eit endå større behov for spesialopplæring av arbeidsformenn i gartneria.

 

 

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

Mai 2018
M T O T F L S
week 18 1 2 3 4 5 6
week 19 7 8 9 10 11 12 13
week 20 14 15 16 17 18 19 20
week 21 21 22 23 24 25 26 27
week 22 28 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev