Tiltak mot ekstrem nedbør.

grøne tak isak

 

Det har den siste tida vore full aktivitet her på Særheim for å få på plass grøne tak. Stavanger kommune i samarbeid med ExxonMobile Norge, Bergen kommune, Sandnes kommune, Sola kommune og Randaberg kommune, og med støtte frå RFF Vestlandet vert prosjektet leda av forskingsleiar ved Bioforsk Vest Særheim Arne Sæbø. Tema for prosjektet er «Lokal overvannshåndtering». Arbeidet går ut på å koma fram til beste vegetasjon og vekstmedier tilpassa dei store nedbørsmengdene me har her på Vestlandet, samt utforming av regnbed.

 

 

Byar og tettstader er sårbare for ekstremver med mykje nedbør. Avløpsnettet er sjeldan dimensjonert for å ta unna så store avrenninger som me kan forventa i framtida, seiar forskingsleiar Arne Sæbø. Mange europeiske byar har satsa mykje på grøne tak og regnbed. Norge har ikkje mykje kunnskap på dette feltet ennå, sjølv om her er meir nedbør enn i mange andre land. Men dette vil koma seg, meiner Sæbø.

I prosjektet skal det utviklast konstruksjon og dimensjonering for ein blå-grøn infrastruktur som blant anna består av grøne tak, regnbed og opne flomkorridorar som ledar vatnet utanom bygningar og anna infrastruktur som kan skadast. Det er påvist god effekt av slike løysingar i tørrare klima, og ein ynskjer i løp av prosjektet å løysa utfordringane for at dette også skal fungera i eit vestlandsklima med større nedbørmengder og lågare temperaturar. Undervegs i prosjektet skal det etablerast eit demonstrasjonsanlegg for lokal overvatndisponering i kommunane Bergen, Randaberg, Sola og Stavanger.

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

Oktober 2018
M T O T F L S
week 40 1 2 3 4 5 6 7
week 41 8 9 10 11 12 13 14
week 42 15 16 17 18 19 20 21
week 43 22 23 24 25 26 27 28
week 44 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev