Bønder og utbyggararar; frå konflikt til dialog og samarbeid

Jersmia

21 august presenterer Jærsmiå sine første resultat: Bønder og utbyggararar frå konflikt til dialog og samarbeid

Konfliktnivået knytt til jordvern/matproduksjon og boligbygging i jærlandskapet har vore svært høgt, og kommunikasjonen sterkt prega av skyttargravsretorikk og lite kontakt på tvers av konfliktliner. Dialogforumet/tankesmia Jærsmiå har på kort tid medverka til ei betydeleg klimaendring. Torsdag 21 august kl 18.30 skal nokre av resultata frå arbeidet presenterast. For første gong nokosinne går bønder og utbyggarar frå jærregionen saman om ein felles boligbygging-/jordvernkonferanse. Arrangementet finn stad i Klepp rådhus.

Jærsmiå består av profilerte representantar for landbruk, bolignæring, anna næringsliv, politikk og forvalting, forsking og frilufts-/verneinteresser i jærregionen. Dialog på tvers av sektor- og interessegrenser er nytta som verktøy for å produsera modellar for arealutvikling med breitt eigarskap og derfor, potensielt, stor berekraft. Det er gjort betydelege framsteg i dette arbeidet, og resultat blir presenterte under samlinga.

Det vert innleiingar frå m.a. fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, professor (og prosjektleiar) Dag Jørund Lønning, ordførar Ane Mari Braut Nese, og representantar for bøndene og utbyggarane i Jærsmiå. Forskar Olav Eggebø vil presentera den nye nettportalen for arealutvikling i jærregionen.

I løpet av kvelden skal og alle frammøtte trekkjast inn i dialogen rundt dei viktige spørsmåla: kor skal me dyrka, og kor skal me bygga? korleis får me til gode arealprosessar der alle interesser blir inkluderte? korleis samskaper me attraktive lokalsamfunn i regionen vår?

Tidspunkt og program finn ein her.

Meir info: Prosjektleiar prof. Dag Jørund Lønning

 

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

Mai 2018
M T O T F L S
week 18 1 2 3 4 5 6
week 19 7 8 9 10 11 12 13
week 20 14 15 16 17 18 19 20
week 21 21 22 23 24 25 26 27
week 22 28 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev