Sundtoft til Særheim.

Tine10

Sundtoft ser grøne tak 

 

 

 

 

Tysdag 14 oktober var klima- og miljøminister Tine Sundtoft, rådmann i Klepp kommune Ivar Undheim og ordførar Ane Mari Braut Nese, gjestar hjå Bioforsk Vest, Særheim. Tema for besøket var forsking rundt lokal overvatn disponering.

Forskingsleiar i Bioforsk Vest, Arne Sæbø, informerte om korleis ein gjennom prosjektet skal utvikla konstruksjonar og dimensjonering for ein blå-grøn infrastruktur, som blant anna består av grøne tak, regnbed og opne flomkorridorar som ledar vatnet utanom bygningar og anna infrastruktur som kan skadast. Både Tine Sundtoft og Ane Mari Braut Nese viste stor interesse for prosjektet. Ikkje minst fordi det ikkje berre er miljøfordelar med dette, men det er også eit estetisk fint innspel i bebygde områdar. Ordførar Ane Mari Braut Nese ynskte alt nå å setja krav til grøne element i reguleringsplanane. Klima- og miljøminister Tine Sundtoft meinte dette aller helst skulle vore gjort i går.

Direktør i Bioforsk Vest, Terje Granli, var med og hadde ei meir generell orientering om Bioforsk Vest Særheim.

På oppfordring frå gjestene vart det også orientert om Særheimdagen som vart arrangert tidlegare på dagen. Ein fagdag der kompetansesenteret Rogaland Landbrukspark på Særheim trakk 150-200 produsentar og andre knytt til landbruksnæringa, for å høyra på dyktige fagpersonar frå miljøet her oppe på haugen.

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

August 2018
M T O T F L S
week 31 1 2 3 4 5
week 32 6 7 8 9 10 11 12
week 33 13 14 15 16 17 18 19
week 34 20 21 22 23 24 25 26
week 35 27 28 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev