Professor gjev ut "manual" for fornying av lokaldemokratiet

bok2

Boka  Dialogbasert utvikling; ein manual for lokal mobilisering og demokratifornying, skriven av professor Dag Jørund Lønning. Dette er den første norske «handbok» i mobiliseringsarbeid og «gjer-det-sjølv-demokrati».

Enkeltmennesket sin rett til medverknad i utviklings- og planprosessar som vedkjem ein sjølv er nedfelt i plan- og bygningslov. Samtidig sit det offentlege utan konkrete verkemiddel for å realisera slik involvering. Utover dei tradisjonelle høyringsprosessane, og eit og anna informasjons-/folkemøte der mykje av konklusjonane synest dregne på førehand, skjer det lite på dette feltet i norske kommunar. Dette kjem t.d. fram i arbeidet med kommunereform.

Boka forklarar kvifor idealet om medverknad er så krevjande å realisera, men kjem også med handlingsretta og svært konkrete råd om korleis reelt involverande mobiliseringsprosessar kan etablerast.

Forfattaren tek til orde for eit meir deltakande demokrati; involverande lokale prosessar som gjev enkeltmenneske rom til å bli aktive samfunnsutviklarar.

Denne handboka i «gjer-det-sjølv-demokrati» er utgjeven som praktbok på Jæren Forlag. Den er utforma etter ein populærvitskapleg mal og er rikt fotografisk illustrert.

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren. Han har arbeidd i mange år med forsking og utviklingsoppdrag knytt til nyskaping og mobilisering, og har skrive ei lang rekke bøker og forskingsartiklar.

 

Les meir om boka hos Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

Desember 2018
M T O T F L S
week 48 1 2
week 49 3 4 5 6 7 8 9
week 50 10 11 12 13 14 15 16
week 51 17 18 19 20 21 22 23
week 52 24 25 26 27 28 29 30
week 1 31

Abonner på Nyhetsbrev