Me ynskjer å vera rause, nyskapande og stolte.

21.11.14.inspirasjonsdag221.11.14.inspirasjonsdag1

Rogaland Landbrukspark har ein visjon om å vera; RAUSE, NYSKAPANDE OG STOLTE. Men kva vil det seia å vera rause, nyskapande og stolte, ein vanleg arbeidsdag? For å få ei større bevisstgjering kring visjonen vår, arrangerte me fredag 21.11.14, ein inspirasjonsdag med visjonen som tema.

Me hadde med oss Coach og inspirator Trond Ullnes . Han snakka om kunsten å gjera kvarandre gode. Om å vera rause med kvarandre, og rause med å dele av kunnskap og erfaringar slik at kvar av bedriftene i Rogaland Landbrukspark får ei breiare kompetanse som igjen kjem kunden til gode. Han snakka om det å vera nyskapande. Om å tenkja nytt. Plukka frå kvarandre det me har nå, og setja det saman att på nye, og kanskje endå nyttigare måtar. Han snakka også om det å vera stolte. Ettermiddagen starta med ei utfordring; er den jobben de gjer viktig og betydningsfull. Me vart raskt einige om at den jobben me gjer er viktig, for mange. Alle treng mat, så kanskje jobbar me med noko av det aller viktigaste ein kan jobbe med. Jobben med å bidra til matproduksjon er ikkje berre viktig for oss her i Rogaland, den har betydning for heile verda. Me kan derfor trygt seia at alle her på Særheim er stolte av å få jobbe med å produsere kunnskap og formidle dette ut til dyktige bønder og produsentar, som igjen leverer norsk kvalitetsmat!                          

 

 

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

August 2018
M T O T F L S
week 31 1 2 3 4 5
week 32 6 7 8 9 10 11 12
week 33 13 14 15 16 17 18 19
week 34 20 21 22 23 24 25 26
week 35 27 28 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev