Årets landbruksbloggar 2014.

arets landbruksbloggerRektor ved HLB, og styreleiar i Rogaland Landbrukspark Dag Jørund Lønning vart under landbrukskonferansen Mat og Landbruk 2015, kåra til Årets Landbruksbloggar 2014.

Dag Jørund Lønning er stemt fram av avisa Nationen sine lesarar, og dei mange tusen som les landbruksbloggen via Norsk Landbrukssamvirke.

13 av dei fremste landbruksvitarane i Noreg skriv fast på landbruksbloggen, i tillegg til mange kjende gjestebloggarar. Bloggen har mange tusen lesarar, og Lønning sine innlegg er delte av fleire tusen på facebook.

Nationen sine lesarar stemte først fram tre finalistar (Dag Jørund Lønning, Kari Redse Håskjold og Christian Anton Smedshaug). I finalerunden gjekk Lønning av med sigeren.

 DSC7825

 

I sin takketale til dei meir enn 300 i salen, la professor Lønning sterk vekt på det viktige i å ha eit landbruk over heile landet. Bonden treng menneske rundt seg, sa Lønning. Levande lokalsamfunn og gode fagmiljø er avgjerande for eit produktivt landbruk.

HLB-rektoren hadde ei tydeleg åtvaring:

- Bonde betyr «den buande». Forankringa i den fastbuande er den norske modellen, som har gjeve oss landbruk over heile Noreg. Nokre av dei forslag som no ligg på bordet frå landbruksministeren vil kutta sambandet mellom økonomisk støtte og bonden som buande. Då knekk ryggraden i det norske landbruket. Dette vil eg skriva om i neste blogg, og me skal alle kjempa for at den buande framleis skal utgjera den viktigaste pillaren i norsk landbruk.

Lønning takka elles alle som hadde vore med og stemt han fram, og sa at han var svært stolt over å vinna i eit så sterkt felt.

Mange aviser og nyheitstenester skriv om saka, blant dei Nationen, Norsk Landbrukssamvirke, NRK Rogaland, Sunnhordland, Jærbladet, Stavanger Aftenblad, Bondebladet.

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

Februar 2018
M T O T F L S
week 5 1 2 3 4
week 6 5 6 7 8 9 10 11
week 7 12 13 14 15 16 17 18
week 8 19 20 21 22 23 24 25
week 9 26 27 28

Abonner på Nyhetsbrev