Årsmøte i Rogaland Landbrukspark SA

arsmote2015

Rogaland Landbrukspark SA hadde nyleg årsmøte på Særheim i Klepp. Professor Dag Jørund Lønning, rektor ved HLB, fortset som styreleiar. Helga Hellesø, leiar i NLR-Rogaland, held fram som nestleiar.

Under årsmøtet presenterte styreleiar Dag Jørund Lønning, Rogaland Landbrukspark SA og miljøet her oppe på Særheim. Kvar medlemsbedrift hadde ein kort presentasjon rundt deira motivasjon for å vera med i RLP. Det vart opna for samtale rundt forventningar til Rogaland Landbrukspark SA i tida framover.

 

Som ei rask oppsummering kan me trekka fram tre punkt frå årsmøtet 2015.

1. Rogaland Landbrukspark SA skal ikkje vera eit mål i seg sjølv, men eit middel som legg til rette for, og forpliktar til eit tettare samarbeid mellom medlemsbedriftene rundt fellesprosjekt, fellesarrangement, og bidreg til eit større og breiare fagmiljø.

2. Alle ansette i medlemsbedriftene må ha god forståing og tett knyting til Rogaland Landbrukspark SA, og til dei andre medlemsbedriftene.

3. Rogaland Landbrukspark SA skal vera med på å gjera samarbeidet meir forpliktande, til beste for den enkelte bedrift.

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

Oktober 2018
M T O T F L S
week 40 1 2 3 4 5 6 7
week 41 8 9 10 11 12 13 14
week 42 15 16 17 18 19 20 21
week 43 22 23 24 25 26 27 28
week 44 29 30 31

Abonner på Nyhetsbrev