Gjennom kursopplegget vil du få overblikk, kunnskap og lære meir om kva du må tenke gjennom når du skal planlegge nytt kufjøs – frå A til Å. Korleis skal bygning og ventilasjon vera, korleis få god logistikk og dyreflyt, kva mjølkesystem og grovfôrmekanisering er aktuell, korleis skal kyr, ungdyr og kalvar ha det? Korleis gå fram frå tanke om nytt fjøs til god drift i det nye fjøset?
På grunn av stor pågang utvidar vi til eit dagskurs og eit kveldskurs med 4 samlingar i vekedagar og 3 lørdagar med fjøsbesøk i løpet av oktober 2015 – mars 2016. Max 15 deltakarar pr. kurs. Påmeldingsfrist 01.10.2015. Detaljert informasjon og påmelding finn du HER
Foto: Torfinn Nærland