Nyheter

Visste du at du kan spise bringebær skudd?

Ja! De er bare ett av mange ferske matvarer du kan spise tidlig om våren. I Canada ville indianere plukket de tidlige skudd av ville bær, skrelle dem og spise dem som den første friske grønne maten om våren, forteller Rhys Evens ved HLB. Fredag 9 mai fikk vi smake ferske, nyskrellet bringebærskudd under fredagslunsjen. En ny og smakfull måte å nytte bringebærplanten på.

For å lære mer om dette, og finne gode oppskrifter, kan du se Rhys Evans matblogg på 

 http://www.eatingwellisthebestrevenge.com/first-food-wild-food-in-the-spring.html

                                                                                                                                                                                                                                  

Rhys 1Rhys 4Rhys 2Rhys 3

30 år med biologisk bekjempelse i norske veksthus

nyttedyr

Under fredagslunsjen på Særheim 9.mai, hadde Annichen Smith Eriksen frå NLR-veksthus eit interessant innlegg kring endring og utvikling av biologisk bekjemping av skadedyr i veksthus dei siste 30 åra.

 

Les mer …

Søknad om eit Arena-prosjekt for landbruket i Rogaland er nå sendt inn.

tommel opp

Det siste året har Rogaland Landbrukspark jobba med ein søknad for å få til eit Arenaprosjekt for Landbruket i Rogaland. Fylkesmannen i Rogaland viste tidleg interesse for dette initiativet, og innovasjon Norge har bidrege med finansiell støtte til for-prosjektet som starta våren 2013.

Det var 21 partnarar som stilte seg bak den endelege søknaden som vart sendt inn 30.april. Det er ikkje sikkert at søknaden vert innvilga i denne omgang, men prosessen fram til søknaden har uansett hatt ein nytteverdi. Produsentar, bedrifter og kunnskapsmiljø i landbruksnæringa i Rogaland har gjennom godt samarbeid og god dialog kome fram til felles utfordringar og felles mål som landbruksnæringa står overfor, og som det er eit ynskje om å ta tak i i fellesskap.

Les mer …

Ny medarbeidar på Særheim.

Sjur HalandJournalist Sjur Håland skal begynne som frilanser med base på Særheim.

Sjur var bonde på heimagarden på Varhaug i 20 år. For 12 år sidan søkte han seg inn på studiet handlingskompetanse på Høgskulen på Jæren. (Nå Høgskulen for landbruk og bygdenæringar, HLB) Som høgskulestudent oppdaga Sjur at han likte å skriva, og at folk var interessert i å lesa det han skreiv. Dette gjorde at han ville prøva seg som journalist. Dei siste 10 åra har han jobba som journalist i bondevennen.

Eg spurte kva tankar og assosiasjonar Sjur har om Rogaland Landbrukspark. Då svara han raskt at RLP er eit sentralt kompetansemiljø for landbruket i Rogaland, og ligg midt i smørauga. Mange viktige aktørar er lokalisert her.

Sjur sa: "Det er topp å få koma å sitja her på Særheim der dei eg skal skriva om og for er rett rundt meg.

Me i Rogaland Landbrukspark syns også at det er heilt topp å få Sjur til Særheim, og ynskjer han hjarteleg velkommen.

 

 

Les mer …

Nå er svarthalespoven komen.

svarthalespoven

Svarthalespoven er ein stor vadefugl på ca 40 centimeter. Av 600 000 – 800 000 fuglar i verda finn me mellom 40 og 100 av desse i Noreg. Fugelen hekkar i intensivt driven eng. Dei svarthalespovane me finn i Noreg held seg i området rundt Orrevatnet. Dagens vern har derfor gjort fuglen upopulær blant bøndene rundt Orrevatnet.

I fjor sommer drog HLB, i samarbeid med 29 bønder rundt Orrevatnet, i gang eit dialogprosjekt om svarthalespoven. Filosofien bak dette iniativet var at for å kunna få til eit vellukka vern om denne fuglen, må ein ta utgangspunkt i lokal kunnskap og bøndene sine røynsler. Vern som vert tredd ned over hovudet på bøndene, slik det har vorte gjort til nå, vil berre møte motstand og skapa konfliktar. Målet med prosjektet er å finna enkle og gode løysingar som tek vare på fuglen, og som lar seg kombinera med effektiv gardsdrift, og som nødvendigvis ikkje krev så mykje arbeid.

Les mer …

Seminar i Rogaland

veksthus greengrowing2

 

Bioforsk Vest Særheim inviterte forskere og rådgivere fra nord-vest Europa til et seminar i Rogaland den 10.-12.Mars 2014 i sammenheng med prosjektet GreenGrowing om muligheter og utfordringer for energioptimalisering i veksthusproduksjon. Seminaret var åpent for alle interesserte og det ble presentert ny kunnskap som kan implementeres i Norske veksthus. Deltakerne lot seg imponere av omvisningene hos tomatprodusenter på Jæren og på Finnøy.

 

Les mer …

Grøne tak og regnbed på Særheim

grøne tak

Bioforsk Vest og Exxon Mobil har i samarbeid med Stavanger kommune sett i gang eit prosjekt om bruk av grøne tak og regnbed for å halda tilbake, fordrøye og infiltrere nedbørsvatnet slik at avrenning vert spredt over lengre tid enn dersom regnet skulle gå direkte til avløp. Ved store mengder nedbør er ikkje kapasiteten på avløpa god nok, og overflatevatnet fløymer lett over. I Europa er det stadig oftare flaum pga dårlege avrenningsmoglegheiter for overflatevatnet. Grøne tak, grøne vegger og bruk av grøntarealer for større infiltrasjon og fordrøyning av nedbørsvatn, er tema som har hatt stort fokus i Europa, USA og etter kvart også i Noreg. Men utviklinga i Noreg har til nå i alt for stor grad vore knyta til kunnskap frå andre land der klimatiske forhold er ulike våre forhold. Noreg har stadig høgare nedbørsmengde. Nedbørsmengda i Noreg er minst dobbelt så høg som nedbørsmengda i både Sveige og Tyskland som er land kor forsking på området har skjedd på dette feltet. Det er derfor behov for tilpassingar av oppbygging av grøne tak og regnbed og berekningar av effektiviteten slik at planlegging og forventning til verknaden av tiltaka kan justerast. Dette prosjektet vil sjå spesielt på behovet for tilpassing av Grøne tak og regnbed til norske forhold.

Les mer …

Stor aktivitet i ridehallen på Øksnevad

Øksnevad vgsRidehallen på Øksnevad er utleid nesten hver helg til forskjellige hesteaktiviteter og rideklubber. Nylig var det Sola rideklubb som arrangerte sprangstevne med ca180 startere fordelt på to dager. Elever ved skolen deltok og plukket med seg fine plasseringer. Elevene ved Toppidrett var også sterkt inne i arrangementet hvor de både dømte feil og stil, var banemannskap, tidtakere, skrivere og speakere! På bildet er Celin Sjursen som vant de to høyeste klassene.

Kalving og sjukebinge – endring i forskrift om hold av storfe

kalvingsbinge

I haust kom Mattilsynet med nokre endringar i forskrift om hold av storfe. Ei av endringane var at det skal vera ein kalvingsbinge og ein sjukebinge for kvar påbegynte 25 kyr. Har du 45 kyr må du dermed ha to kalvingsbingar og to sjukebingar, til saman fire bingar. For at desse bingane ikkje berre skal  verte unødig plasskrevande areal som ikkje blir brukt, bør ein finne gode løysingar. Ei form for «velferdsavdeling» blir stort sett planlagd i alle nye bygg, også i ein del påbygg. Med å bygge «velferdsavdelinga» litt fleksibel og legge opp til å kunne dele avdelinga opp i 2-3 bingar, kan du oppfylla kravet til kalvings- og sjukebingar. Då har du ei god avdeling du veit blir brukt, og kan regulere tal bingar og størrelsen på velferdsavdelinga etter behov. Trengs det fleire bingar kan ein fôrsentral med nokre fleksible grinder og halm vera aktuell i korte periodar. Du kan ta kontakt med Hallgeir Gravelsæter på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller tlf. 971 72 623 dersom du har spørsmål.  (Medlemsskriv 2014-02, NLR Rogaland.)

Foto: Karin Gjerde.

 

Les mer …

Det internasjonale året for familiejordbruk

Familiebruk

Landbruk- og matdepartementet skriv at 2014 er FNs internasjonale år for familiejordbruket. Året skal bidra til å øke oppmerksomheten om familie- og småskalajordbruket, og den viktige rollen det spiller i arbeidet med å redusere sult og fattigdom, sikre mattrygghet og forbedre livsvilkårene på landsbygda.

Rogaland landbrukspark jobber med å få til et Arenaprosjekt for landbruket i Rogaland. Prosjektet har som mål:"Mer mat i matfylket, -på en bærekraftig måte." Dersom en skal nå dette målet om å produsere mer mat på en bærekraftig måte i fremtiden trenger vi å ta vare på det dyrkbare arealet, og samtidig øke produksjonen. "Store produsenter" i "sentrale strøk" klarer ikke alene å nå målet fra st.m 9. om 20%økt matproduksjon frem mot 2030. Dersom vi skal nå et så ambasiøst, politisk mål som her er sett, og på den måten få være med på å bidra til at det vert nok mat på alle fat, trenger vi både små og store matprodusenter.   

Familiejordbruket har i tillegg en viktig sosioøkonomisk og kulturell rolle.

Både i utviklingsland og industriland er familiejordbruket den dominerende driftsformen i matproduksjonssektoren. 

 

 

ARONIAJUICE HALVERTE ANTIBIOTIKABRUK.

Aroniabær

I eit forskingsprosjekt kring samanhengen mellom bruk av aroniajuice og tilfelle av urinvegsinfeksjon på sjukeheimar i Sandnes, kan det sjå ut som aronia kan ha eit førebyggjande potensial mot urinvegsinfeksjon. Tine var ein av fleire samarbeidspartnarar då prosjekteigar Bioforsk Vest sette i gang eit forsøk der 236 bebuarar ved seks sjukeheimar i Sandnes drakk juice frå Aroniabær i tre månadar. Dette førte til at bruken av antibiotika mot urinvegsinfeksjon vart halvert. Dr.scient og prosjektleiar Rune Slimestad ved Bioforsk Vest meiner dette er eit «veldig, veldig spanande funn». Han presiserar også at det endå er ein god del usikkerheit og forbehold som gjer at det er behov for eit oppfylgjande medisinsk dybdestudium.  

Les mer …

Underkategorier

Share to Facebook Share to Twitter Share to Linkedin 

Rogaland Landbrukspark

landb liten

Rogaland Landbrukspark er Norges største kompetansesenter for landbruk.

Vi skal gjennom samhandling om prosjekter, aktiviteter, nettverksbygging, formidling av kompetanse, profilering og felles kompetanseutvikling innen FoU, utdanning og rådgivning skape:

Økt konkurransekraft for landbruket

Månedens Arrangement

November 2018
M T O T F L S
week 44 1 2 3 4
week 45 5 6 7 8 9 10 11
week 46 12 13 14 15 16 17 18
week 47 19 20 21 22 23 24 25
week 48 26 27 28 29 30

Abonner på Nyhetsbrev