Forprosjekt - Storskala Bringebærsatsing på Gangenes, Rennesøy Kommune
Rogaland Landbrukspark ved Bioforsk Vest og Klepp Rekneskapslag er engasjert av Stig Jakob og Monica Hanasand saman med Agnar Apeland for å hjelpe til med planlegging og gjennomføring av eit forprosjekt om storskala dyrking av bringebær til frisk-konsum i veksthus.
Bioforsk Vest har siden 2009 drive med forsking og utvikling av bringebærdyrking i veksthus.
Dette er motivert ut frå at Sør-Vestlandet har særlig gunstige klima- og lystilhøve til å drive slik produksjon. Vidare er dette ein produksjon som vil kunne gjenbruke utrangerte veksthus i fylket vårt.
Dei siste åra har forbruket av ferske bringebær hatt ein kraftig auke og blitt til eit heilårsprodukt.
Den tradisjonelle norske bringebærsesongen er i perioden juli - august, då ferske bringebær frå tunnel- og frilandssesongen kjem på marknaden. Resten av året blir det norske forbruket dekka av import.
Erfaringane dei tre siste åra har vist at norske bringebær er konkurransedyktige i høve til importbær.
Norske bær er både ferskare og betre på smak enn importerte bringebær.
I forprosjektet skal det klarleggjast om det er grunnlag for ei storskala satsing på dyrking av bringebær i veksthus. Bl.a. må forhold rundt marknad, økonomi og praktiske forhold avklarast.