Inviterer til konferanse om muligheter og hindringar for omstilling og vekst for Rogalandslandbruket
Rogaland Landbrukspark inviterer alle mat- landbruks- og samfunnsengasjerte til stort møte fredag 27. august 2021 kl. 10.00-15.00 i Storstova på Bryne, for å debattera muligheter og hindringar for omstilling og vekst for Rogalandslandbruket.
Kva ambisjonar har styrande makter og politikarane for matfylket Rogaland, og er det eigentleg vilje til å få til ei berekraftig omstilling?
Trendane i norsk forbruksmønster er mindre kjøtforbruk samstundes som norsk mjølkekonsum går ned. Etterspurnaden er aukande etter produkt som bær, frukt og grønsaker. Ei omstilling av produksjonen krev at heile verdikjeda fungerer; alt frå rammevilkår til marknadsadgangen.
Ver med og sett ditt preg på møtet! Det blir tatt smittehensyn.
Påmeldingsfristen er utsett til måndag 23. august pga. stor interesse. Påmeldingslenke her.
Hald av tidspunktet i kalenderen!
Velkommen!
Agenda
10.00 Registrering, vi tar ein liten prat over kaffikoppen og ved fruktfatet
10.15 Velkommen
Anfinn Rosnes, ass. landbruksdirektør, Statsforvalteren i Rogaland
10.25 Mat og marknad – korleis NIBIO og Rogaland Landbrukspark engasjerer seg.
Arne Sæbø, stasjonsstyrar NIBIO Særheim og styreleiar i Rogaland Landbrukspark
10.40 Korleis vil Bondelaget bidra til omstilling i Rogalands jord- og hagebruk?
Marit Epletveit, styreleiar i Rogaland Bondelag
10.55 Tilgang til marknaden gjennom betre handelsavtalar -realismen i å auka norsk produksjon
gjennom redusert import.
Dag Ove Aksland, regiondirektør Coop, Region Vest
11.20 Grøntsektoren i Rogaland: muligheter og hindringar for å auka produksjonen.
Ivar Pettersen NIBIO
11.45 Enkel lunsj
12.35 Er vi forberedt og har vi verktøy til omstillingar i norsk jord- og hagebruk?
Geir Pollestad, leiar av næringskomiteen på Stortinget
12.55 Har vi handlingsrom med omsyn til omstilling i norsk landbruk?
Maktfaktorar i norsk matproduksjon – styrer politikken kjedene eller er det kjedene som styrer
politikken?
Olaug Bollestad, landbruks- og matminister
13.20 Kor viktig er det å få stabile forsyningar av råstoff og kva konsekvensar kan ein nedgang gi?
Terje Wester, dagleg leiar Fatland AS
13.45 Beinstrekk
14.05 Paneldebatt. Innleiarane deltar. Leia av Tor Øyvind Skeiseid
14.55 Avslutning. Arne Sæbø
Pris: kr 400. Blir fakturert etter møtet.
NIBIO har prosjektet «Korleis auke produksjonen av grønsaker i Rogaland» og Rogaland Landbrukspark har planar om å søka midlar til eit «Scenario-prosjekt». Begge desse initiativa vil ha stor nytte av innspel frå politikarhald. Temaet er og av stor allmenn interesse, både i og utanfor landbruket.
Rogaland Landbrukspark har sitt utspring i Særheim- og Øksnevad-miljøet, og består av organisasjonane: NIBIO, Vinterlandbruksskulen på Jæren, Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, Øksnevad vidaregåande skole, Høgskulen for grøn utvikling, NLR Viken, NLR Rogaland, Tine medlem og rådgiving, Jæren Rekneskapslag. Formålet med Landbruksparken er å bidra til synergieffektar gjennom samhandling til nytte for landbruket.
Konferansen vert støtta av kompetansehevingsmidlar i landbruket.