Vinterlandbruksskulen i Ryfylke
Skulen tilbyr eittårig agronomutdanning for vaksne. Skulen er ambulerande mellom kommunane i Ryfylke og på Haugalandet. Undervisninga er ein kombinasjon av teoretisk undervisning i klasserommet, utferder, demonstrasjonar og praktiske øvingar. Hovudtyngda av praksis har elevane på eigen gard. Undervisninga er lagt opp til to kveldar og ein dag i veka, samt nokre laurdagar i løpet av skuleåret.
Meir informasjon om skulen finn du på: www.vlr.no.