Om oss
Formålet med Rogaland Landbrukspark er å bidra til synergieffektar gjennom samhandling til nytte for landbruket.
Styret har vedtatt ein handlingsplan, der det vert
- satsa på felles prosjekt.
- arbeidd for å etablera ulike møteplassar med både interne og eksterne samarbeidspartar.
- informert overfor andre, bl.a. politikarar, kommunar og andre organisasjonar om det som skjer i Rogaland Landbrukspark.
Helga Hellesø er dagleg leiar. Bjørn Halvor Åsland, Tine Rådgivning og Medlemsservice AS, er styreleiar i Landbruksparken.
Rogaland Landbrukspark er tildelt prosjektleiarstillinga for Rogaland biogassnettverk. Rogaland fylkeskommune har tatt initiativ til biogassnettverket, der kommunane Hå, Klepp, Time, Stavanger og Vindafjord, samt Statsforvaltaren i Rogaland er med på satsinga frå det offentlege.