Styremaktene arbeider med gjødselvareforskrifta

Det er blåst nytt liv i debatten om revisjon av gjødselregelverket.

Rapporten Samfunnsøkonomisk effektiv håndtering av økt gjødseloverskudd uarbeidd av NIBIO på oppdrag frå Landbruks – og matdepartementet sist vinter, slår fast at Rogaland vert hardt ramma ved skjerpa spreiearealskrav. Dette er ikkje uventa.

Kompleksitet og dilemma kring skjerpa spreiearealskrav

I kronikk i Bondebladet 10. juni debatterer Nils Vagstad, administrerande direktør i NIBIO, kompleksiteten og dilemma ved skjera spreiearealskrav. Nytt gjødselregelverk – hva med konsekvensene? – Bondebladet Han slår også fast at «Myndighetene arbeider med forslag til nytt gjødselregelverk».

Næringa må stå samla for å finna nye løysingar

Temaet engasjerer. Det kom fram då NIBIO presenterte rapporten på eit digitalt møte 22. april arrangert av Rogaland biogassnettverk, Rogaland Landbrukspark og Statsforvaltaren i Rogaland med over 100 deltakarar.

I møtet kom det fram at:

  • ein kan ikkje anslå direkte effekt på vasskvaliteten ved skjerpa spreiearealskrav.
  • flytting av husdyrproduksjonen blir ikkje vurdert som realistisk.
  • rapporten er detaljert på utslepp av fosfor, men lite nøyaktig på avlingsmengder.
  • effekten av reduserte mengder nitrogen er ikkje del av rapporten.
  • tiltak vil ha store økonomiske konsekvensar.

Rogalandslandbruket vart oppfordra til å stå samla for å finna nye løysingar. På den måten skal fylket framleis halda oppe landbruksproduksjonen samstundes som ein tar miljø- og klimaomsyn.

Arbeidsgruppe gjødselvareforskrift

Arbeidsgruppe gjødselvareforskrift blei oppretta i 2018 for å følgja arbeidet med revisjon av gjødselvareforskrifta. Gruppa er bredt samansett, og desse organisasjonane er med:

  • NIBIO
  • Felleskjøpet Rogaland Agder
  • Tine, Forum Ku
  • Jær-kommunane
  • Statsforvaltaren
  • Nortura
  • Rogaland Bondelag
  • NLR Rogaland
  • Rogaland Landbrukspark

Bakgrunnen for opprettinga av arbeidsgruppa var Landbruks- og Miljødirektoratet si overlevering av eit splitta forslag til revisjon av gjødselvareforskrifta til Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet. Forslaget skapte også engasjement utanom Rogaland, noko artikkelen Det finnes en annen vei i Nationen viste. Forslaget skapte like fullt forventingar om at ny forskift var like rundt hjørnet. Så viste seg ikkje å vera tilfelle. Revisjon av gjødselregelverket er omfattande, har vore og er behov for ny kunnskap, og tar dermed tid.

 

Politisk og fagleg arbeid

 Etter møtet om NIBIO-rapporten 22. april, samla Arbeidsgruppe gjødslevareforskrift seg og la ein strategi for arbeidet der ein vil arbeida både politisk og fagleg.

Politisk er Leif Forsell engasjert til å utarbeida ein presentasjon som vil bli brukt overfor det politiske miljøet utover hausten. Momenta som er diskutert med Forsell er ikkje ulike dei Nils Vagstad held fram i sin kronikk. Nytt gjødselregelverk – hva med konsekvensene? – Bondebladet

Fagleg arbeider ein ut frå prinsippet om at det finst ein annan veg. Gruppa har sett i gang eit arbeid der ein vurderer innhald av fosfor i kraftfôret og effekt på fosfor i husdyrgjødsla/kretsløpet samstundes som ein tar vare på behovet til dyra/dyrehelsa. Me er også i gang med å dokumentera avlingstala, då me meiner at grunnlaget som styresmaktene arbeider er for unøyaktig.